Rådgivande Ingeniørers Forening (RIF) kjem med ei åtvaring til dei som ikkje har moka hustaket eller hyttetaket sitt enno. Dei neste vekene kan nemleg bli kritiske for tak som har samla opp våt og tung snø i fleire nedbørsperiode i løpet av vinteren.

Våt snø er farlegast
Det er ikkje nødvendigvis høgda på snøen som er målestokken på når det bør mokast. Det er heller kva slags snø som ligg der. I snitt veg 1 meter snø rundt 300 kilo per kubikkmeter. Våt snø er mykje tyngre.

Alderen på huset seier mykje om kva taka toler. Hus bygde før 1980 har tak som skal tole opptil 150 kilo snøtyngd per kvadratmeter, mens krava for hus bygde etter 1980 er mellom 250 og 350 kilo. Ved våt snø tilsvarer dette omtrent ein halv meter snø for hus før 1980, og opptil 90 centimeter våt snø for hus etter 1980.

Vær obs på knirk og smell
For å vere på den sikre sida, bør ein moke i god tid før grensa er nådd og snøen blir for tung og våt. Merke ein endringar i bygget som for eksempel at dører og vindauge begynner å gå trege kan dette skuldast snømengda på taket. Dersom ein høyrer knirk eller smell i konstruksjonen kan det tyde fare på ferde.
 



Dette bør du tenkje på når du skal moke taket:

  • Det aller viktigaste er din eiga sikkerhet.
  • Prøv å moke taket så jamt som mogeleg. Skeivbelasting kan vere meir kritisk enn ei større og jamt fordelt belasting.
  • Ikkje fjern all snøen. Det er lett å få skade på papp-, plate- og takstein. La 10 - 20 cm med snø liggje igjen.
  • Ta ei vurdering på kvar snøen hamnar. Det kan vere at hendande tak- og veggkonstruksjonar ikkje toler den ekstra belastinga.
  • Er det snø heilt opp frå husveggen til taket, må du vere forsiktig med bruk av maskiner ved fjerning av snøen. Då kan snøen på taket bli ustabil og settes i bevegelse.
  • Unngå at store snømengder kjem i bevegelse samtidig. Ein wire som blir festa gjennom snølaget kan fjerne mykje snø, men ei rask avlasting kan setje huskonstruksjonen i svingninger som den ikkje toler.

 

Kilde: bygg.no. og dibk.no.